Regjeringa bind landet tettare saman
Regjeringas satsing på samferdsel fortsetter. Vi byggjer vegar i eit tempo som aldri før, legg til rette for sjøtransporten, har ei historisk satsing på jernbane, og vi sikrar eit godt flytilbod i distrikta.
Merk at denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Sidan vi kom i regjering har løyvinga til samferdsel auka med nær 75 prosent, og samferdselsbudsjettet for 2019 vil bli på rekordstore 73 milliardar kroner. Med ei slik satsing skaper vi ein enklare kvardag for folk flest, styrkjer næringslivets konkurransekraft, og utvider bu- og arbeidsregionane.
Vi ser no resultata
Vi har allereie begynt å sjå resultata av satsinga. Den siste tida har vi opna vegstrekningar på løypande band. Berre i haust opnar vi heile 13 nye vegstrekningar. Over 60 store vegprosjekt er under bygging. I 2019 planlegg regjeringa faktisk å opne heile 104 kilometer med ny trygg firefelts veg.
Desse vil gi god framkomme, men dei er også vesentleg i arbeidet med trafikktryggleiken. Nye trafikktrygge veger gir ein drastisk reduksjon i risiko for ulykker. Mellom anna såg vi dette da framskynda opning av E18 i Vestfold med ein gong gav færre ulykker.
Gods skal fraktes meir på jernbane og sjø
Det er viktig med gode, trygge veger, men det er samtidig positivt for både miljø, trafikktryggleik og framkome at både folk og gods vert frakta på jernbanen og til sjøs i staden for på vegen der det er høveleg.
Ei storstilt jernbanesatsing, både på utbygging og vedlikehald, gjer passasjerar og næringsliv eit stadig betre togtilbod. Også for godstransporten er denne satsinga positiv. I siste Nasjonal transportplan har vi lagt inn ei eiga godspakke med målretta tiltak som skal styrkje konkurranseevna til den skinnegåande transporten ytterlegare.
Vi legger til rette for trygg ferdsel langs kysten, vi aukar løyvingane til vedlikehald av navigasjonsinnretningar og utbetrar farleiene. Vidare stimulerer vi til utvikling av effektive og miljøvennlige hamnar gjennom ei ny treårig prøveordning for tilskot til hamner.
Styrka satsing på elektronisk kommunikasjon
Smart teknologi og korleis vi nyttar oss av denne, vil bidra sterkt i framtidas samferdsel. Autonome køyretøy, elektrifisering, samverkande system og nye tenesteløysingar kommer til å påverke oss. Med stor sannsynlege vil dette ha mykje å seie både for meir effektiv trafikkavvikling, auka mobilitet, miljø, klima og ikkje minst vere svært viktig for trafikktryggleiken.
Dette fordrar at folk har tilgang til internett og får vere med på utviklinga. Difor har vi gjennomført fleire tiltak som bidreg til å gjere utbygging av breiband lønsamt. I tillegg bidreg staten med årlige breibandsmidlar for å sette fart på breibandsutbygginga i distrikta.
God infrastruktur er ei investering i framtidig velferd og velstand, og betre veger skapar ein betre reisekvardag for pendlarar, godstrafikk og oss alle. Nettopp difor satsar regjeringa på bygging og vedlikehald av infrastruktur, både vegar, jernbane, kollektivtrafikk, sjøvegen og elektronisk kommunikasjon.
Med ein rekordstor satsing på samferdsel bindar regjeringa landet vårt tettare saman.